Oljeunge

2016 / Film
23. desember 2018
3/5

På Norsk Oljemuseum i Stavanger går kortfilmen Oljeunge med Kristoffer Joner sin gang. Det handlar om ein mann som fortel historia om barndomen sin, som var på tida når Noreg oppdaga olje. Han har eit ambivalent forhold til storleikstida og rikdomen som følgde. I tillegg har han ikkje snakka med far sin på over 20 år.

Det er ein kortfilm som gir eit fint innblikk i kva livet til barna i Stavanger kan ha vore. Det personlege dramaet er også godt, men sluttar dessverre altfor brått. Alt i alt blir Oljeunge opplevd mest som ein smakebit på ein film som skulle ha vore litt lenger.

Oljeunge 2016 plakat - Filmdagbok

Annonse