Olsen-banden møter kongen og knekten

Eg enda opp med denne gamle, norske filmen på ein laurdagskveld. Å vurdere Olsenbanden på kvaliteten vil vere ganske så meiningslaust. Som underhaldning fungerer det i og for seg godt nok med humor i det banale.

I denne filmen er det fire millionar momspengar som skal bli stelt. Alt går tilsynelatande bra, det er etterspelet som lukter trøbbel.

Hadde dette vore noko anna enn Olsenbanden ville eg ikkje hatt mykje med det å gjere, men å gå tilbake til ein filmserie som har rulla over skjermen i fleire periodar, er i og for seg kurant som mimring på ein laurdag.

Olsen-banden møter kongen og knekten 1974 plakat - Filmdagbok