Omkara

Katakombene-film nummer fire i 2006 var eit indisk drama basert på Othello av William Shakespeare, eit verk eg aldri har vore borti, men berre høyrt namnet på. Med historia flytta til den indiske landsbygda er det duka for nok av løgner.

Kort oppsummert er dette ein film om å føre folk bak lyset, og bli ført bak lyset. For å ordne til dramaet i filmen blir det brukt meir bannord og vald enn det som er vanleg i indisk film. Likevel om eg berre har sett ein indisk film tidlegare, så kan eg vel sikkert sei det er den mest valdelege indiske eg vil få sett på ei stund.

Litt lang film, men eg likte han. Og eg trur at eg kan like meir indisk. Fascinerande kultur blir formidla, som det typisk nok kjem fram trekk frå i filmen. Spesielt rundt bryllaupsseremonien.

Omkara 2006 plakat - Filmdagbok