On Her Majesty's Secret Service

George Lazenby enda opp med å spele James Bond i berre ein film, og det var i On Her Majesty's Secret Service. Det er i grunn synd, for eg synest han passar godt i rolla som ein James Bond passa den tida.

I denne filmen drar James Bond til Alpane for å finne ut av kva superskurken Blofeld held på med. Opphaldet i Alpane byr på nokon minneverdige skiscener og flotte kulisser.

Sjølv om dette er ein av dei lengste James Bond-filmane, i lag med Casino Royale, så er han passe god heile vegen. Det er ikkje for mykje forvirring om kva filmen handlar om, og kor handlinga finn stad i ulike deler av filmen.

Eg kan ikkje si at dette er heilt topp, til det burde nok denne også vore avgrensa noko med tanke på handling og tid, men George Lazenby er med på å løfte filmen. Kanskje eg var meir interessert fordi eg visste at han ikkje skulle gjenta rolla.

On Her Majesty's Secret Service 1969 plakat - Filmdagbok