On the Basis of Sex

On the Basis of Sex handlar om ei ung Ruth Bader Ginsberg. Ein kvinneleg advokat som kjempa mot diskriminerande lover på 1970-talet, og som seinare i livet blei høgsterettsdommar i USA.

Felicity Jones spelar kvinna i det som er ein trygg film. Med det meinar eg at han brukar kjente grep og ein kjent struktur for å fortelje ei biografisk livshistorie. Mange frampeik undervegs gjer at utfordringane og løysingane på dei ikkje overraskar. Bruken av musikk er etter boka. Kva situasjonar som skal inspirere, og kva som skal appellere ekstra mykje til kjenslene, er ikkje uventa.

At filmen ikkje går sin eigen veg, men i stor grad følgjer ei etablert oppskrift, gjer at han ikkje verkar så sterk. Innhaldet hamnar litt i skuggen av dette.

Samtidig er det noko fint med ein film som dette. Han er laga på ein måte som viser at regissøren har jobba godt med å finslipe materiale. Det er litt synd at målet ikkje var eit snev av originalitet. Målet var nok heller å fortelje historia til Ruth Bader Ginsberg på ein enklast mogleg måte, og dette blir gjort utan å stilje spørsmål til nokon sider ved hennar person.

  • On the Basis of Sex 2018 plakat - Filmdagbok
  • On the Basis of Sex 2018 plakat - Filmdagbok
  • On the Basis of Sex 2018 plakat - Filmdagbok