Once Upon a Holiday

Once Upon a Holiday er første julefilm ut i førjulstida i år, kor filmane i den grad det er mogleg vil vere julefilmar frå Hallmark. Bakgrunnen for dette er ei erfaring eg har gjort meg opp med dei siste par forsøka på å sjå 24 filmar med jul som tema i førjulstider.

Hallmark-filmane er stort sett solide produksjonar. Ikkje dyre og sjeldan dei mest originale historiene, men føreseielege på alle måtar. Kall dei trygge, ein god ting når det handlar om jul og tradisjonar.

Briana Evigan og Paul Campbell spelar dei sentrale karakterane. Ho er ei prinsesse på tur til New York, som stikk av frå sine forpliktingar og ønsker å besøke eit museum, men endar opp med å gå seg vill. Han som ein lokal new yorkar og ein hyggeleg fyr, som endar opp med å hjelpe ho, utan å vite kven ho er.

Det er ikkje vanskeleg å gjette seg til resten av filmen. Det er trygt, litt vel overflatisk, men eg har sansen for Briana Evigan etter å ha sett ho i eit par Step Up-filmar. Paul Campbell kjenner eg frå Battlestar Galactica, her gjer han ein grei jobb.

Julefilmane til Hallmark verkar å følge ei sjekkliste. Kva filmane består av i form av karakterar, miljø og historiearkar har ein tendens til å gjenta seg. I Once Upon a Holiday møter me blant anna på ein eldre mann og tryllekunstnar som ser litt ut som julenissen, og kor evnene som tryllekunstnar ligg nærare magi enn kunstnar.

Once Upon a Holiday 2015 plakat - Filmdagbok