Once Upon a Time in America

Eg har komme dit hen at det er mange av dei kjente klassikarane som ligg an til å bli sett på nytt. Once Upon a Time in America var ein av filmane der handlinga for lengst hadde gått i gløymeboka.

Med sine fire timar legg den Sergio Leone-regisserte Once Upon a Time in America til rette for å fortelja livshistoria til David «Noodles» Aaronson (Robert De Niro). Om korleis han og dei tre vennene hans vaks opp i New York under den kjente forbodstida i USA med Volstead Act, 1919–1933.

Filmen fortel historia om gangsterlivet, vennskap, damer, vald, misbruk, og om rolla som tida spelar inn i alt dette. Notida til filmen er med Noodles som gammal mann, og me hoppar fram og tilbake frå notid til ungdomstida og til vaksen alder.

Once Upon a Time in America ser fantastisk ut, har ei nydeleg historie, herleg skodespel og flott musikk av Ennio Morricone. Måten historia er strukturert på og fortalt gir grunnlag for at dette fungerer i fire timar, trass i at eg denne gongen måtte pause undervegs.

Det er fleire år sidan eg såg mange av dei mest kjente klassikarane i filmhistoria. Amerikanske filmar som har fått sin plass på topplister som IMDb Top 250, i bøker som 1001 filmar du må sjå før du dør, og i generell omtale blant kritikarar av hovudstraumsfilmar.

Gjensynet med Once Upon a Time in America blei dermed eit møte med ein tidlegare periode då eg nærmast gjekk frå den eine fantastiske filmen til den andre utan å legge for mykje arbeid i å leite etter filmane.

Once Upon a Time in America 1984 plakat - Filmdagbok

Publisert

15. april 2014 av

Regissør

Sergio Leone (I)

Manusforfattarar

Harry Grey, Leonardo Benvenuti, Piero De Bernardi, Enrico Medioli, Franco Arcalli, Franco Ferrini, Sergio Leone (I), Stuart Kaminsky, Ernesto Gastaldi

Skodespelarar

Robert De Niro, James Woods (I), Elizabeth McGovern, Treat Williams, Tuesday Weld, Burt Young, Joe Pesci, Danny Aiello, William Forsythe (I), James HaydenVis alle 74 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama

Land

USA, Italia

IMDb

IMDb-side om Once Upon a Time in America