Once

Denne er vel strengt tatt verken ny eller spesielt ukjent, Oscar har han fått òg – for beste song komponert for film. Once leverer ei fin historie om gatemusikanten som møter blomeseljaren og utviklar eit tett vennskap på grunnlag av musikalske interesser og ei felles forståingsplattform av såre kjensler.

Songane, som ein av mange sterke sider ved filmen, formidlar denne sårskapen og gir meg tidvis gode frysningar på ryggen. Lågbudsjett som dette er (160 000 amerikanske dollar), har ikkje det beste kamerautstyret i verda blitt brukt. Den aldri meir enn greie bildekvaliteten blanda godt med amatørisk kameraføring som har blitt utnytta i redigeringsrommet, det passar godt til handlinga.

Unødvendig å sei, eg likte Once, som har eit skodespelarpar med kjemi og at han går under huda på ein god måte. Morosam kan han vere i blant, men avstår frå å mane til latterkuler.

Once 2006 plakat - Filmdagbok