One Christmas Eve

One Christmas Eve er ein familiekomedie full av kaos som kom ut i 2014. Filmen er regissert av Jay Russell.

Bakgrunnen for at eg sette i gang med denne filmen er fleire, men enkle. Eg var i julefilmstemning, hadde nyleg sett ein annan film med Anne Heche som også spelar her, og filmen låg lett tilgjengeleg for meg. Forventingane var derimot noko avgrensa, då mine inntrykk i stort grad kom av iet politisk korrekt samansett bilde av dei sentrale rollene i filmen, og ein hund. Då framstår dette for meg som noko meir mekanisk enn ein film som vil formidle ei god historie først.

Kaos var stikkordet mitt innleiingsvis. Det er ein kvalp som startar dette. Ei pappeske med ein kvalp blir sett utanfor døra kor Cesar jobbar. Han prøver å sette kvalpen frå seg vidare til ein familie, men brekk beinet i den han prøver å løpe sin vei etter å ha ringt på. Dette er berre starten på ei mengde ulykker og situasjonar ei stadig større gruppe menneske opplever i lag på julaftan.

One Christmas Eve er ein ikkje altfor omfattande film, og held seg til få plasseringar. Det er derimot ein del snø i nokon scener, og då dette verkar passe ekte, er eg fornøgd. Det er ikkje som om filmen skin gjennom som ekte. Det er mange andre avgrensingar her. Men det er ein kvikk film, og det trekk merksemda.

Forutan Anne Heche kjenner eg ikkje til nokon av dei andre her. Dei fleste gjer ein god jobb i sine roller, og bidrar til at dette blir ein livleg film.

Sjølv om dette er ein ukomplisert film på fleire vis, er han fornøyeleg. Det kan vere mine låge forventingar som spelar inn. For eg blir eigentleg ikkje imponert, berre underheldt. Dette kan minne om så mange andre filmar som prøver å framstille ei trøblete natt som opplevingsrik og spennande. Men sidan One Christmas Eve set siktemålet lågare, og heller ikkje prøver å basere møta på rølp, så fungerer det greit.

No har eg sagt ein del positivt om filmen. Då vil eg berre jekke ned innlegget eit par hakk. Filmen leverer eigentleg berre det han burde, ikkje noko meir. For å bli verkeleg god burde han ha vore noko meir. Han er passe fornøyeleg, og du bommar ikkje fullstendig om du ser han. Men for mange finst det nok av betre julefilmar å sjå først.

One Christmas Eve 2014 plakat - Filmdagbok