One Hundred and One Dalmatians

Film · 1961 · · 17. januar 2021
4/5

Det er ikkje altfor lenge sidan eg såg One Hundred and One Dalmatians sist. Men sidan eg verken hadde notert meg det på IMDb eller laga eit oppslag på Filmdagbok, så var eg ei stund i tvil på om eg faktisk hadde sett filmen. Det er ei så kjent historie at eg like godt kunne ha fanga opp deler av ho frå andre stader. Gode ti minuttar inn i filmen var eg derimot ikkje i tvil. Eg hadde sett han før. Sidan dette byrja som ein god film, så var det ikkje meg i mot å sjå han på nytt.

One Hundred and One Dalmatians er ein animert Disney-film om hundar. Ein skurk i form av kvinnefiguren Cruella De Vil vil ha tak i dalmantinerkvalpar for å lage pelskåpe. Men før filmen kjem så langt, så blir vi introdusert for to mennesker med kvar sin hund. Og om deira møte og vegen vidare til hundar på flukt frå skurken.

Dette kan vere både ein dramatisk og humoristisk film. Og det er nettopp valet som er gjort med at filmen ikkje skyr farane for å skåne eventuelt yngre publikum som gjer han så rik på inntrykk. Samtidig er det eit godt driv i framhaldet her, og musikken er fin til. Så alt ligg til rette for ei god og relativt kort filmoppleving på om lag 75 minuttar.

Les ei anna melding på www.filmfront.no.
One Hundred and One Dalmatians 1961 plakat - Filmdagbok