One Tree Hill (2003–2012)

Serie / 21. oktober 2013
3/5

Eg har ei interesse for tenåringssåper. Seriar som The O.C. og Dawson's Creek har tidlegare gått ned på høgkant. Veronica Mars er en stor favoritt. Buffy the Vampire Slayer scorar også høgt.

One Tree Hill er blant dei mest såpete, og når ikkje opp som nokon favoritt. Det handlar om to halvbrør på en high school, som begge spelar basketball. Dei deler stort sett berre ein far, interesse og heimstad, men lite meir.

Dei første sesongane likte eg godt. Dette er typisk tenåringssåpe, og en slags fornying og tidsrett versjon av Dawson's Creek. Grunnen til samanlikninga er ikkje basert på karakterar, men på stad og stemning.

Etter nokon sesongar byrjar derimot One Tree Hill å forandre seg, og blir til en anna type serie. Borte blir high school, og me hoppar fleire år i tid framover til personane er godt vaksne. Sjangermessig skjer det en endring mot familiedrama, og eg synst heller ikkje det nye dramaet har den gode effekten som tenåringsdramaet har. Sjølv om også det tok hardt i mange gonger.

Utskiftinga av sentrale karakterar er også problematisk. Eg får assosiasjonar til et synkande skip, sjølv om årsakene kan vere andre. Dette set sit preg på stemningen.

Eg brukte derfor ei stund på å komme meg gjennom dei siste sesongane, mens dei første gjekk fort unna. Styrken og ulempen med denne sjangeren er at den er emosjonelt slitsom. Dei spelar på tunge stunder og gode stunder, og for mykje av dette om gangen er ikkje heilt bra. Trass i at eg etter mange år med seriar tar det mindre til meg enn før.

One Tree Hill 2003-2012 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

The WB, The CW

Skapar

Mark Schwahn

Skodespelarar

Bethany Joy Lenz, Sophia Bush (I), James Lafferty, Lee Norris, Paul Johansson, Chad Michael Murray, Hilarie Burton, Antwon Tanner, Barbara Alyn Woods, Jackson Brundage

Sjangrar

Drama, Romantikk, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om One Tree Hill

Forfattar