One Week

Buster Keaton har akkurat gifta seg og får eit byggesett av eit hus frå ekskjærasten til kona, som han kan bygge sjølv. Men ekskjærasten har stokka om nummera i brukerrettleiinga. Så etter ei veke med bygging så er resultatet eit veldig rart og ferdigbygd hus. Hovudinngangen er i andre etasje, og taket dekkar ikkje heile huset. Uansett så skal Buster Keaton invitere til innflyttingsfest.

I løpet av tjue minuttar får me servert store mengder morosame innslag. Det er rein fysisk humor, som framleis er artig nesten hundre år seinare. Som vanleg så gjer Buster Keaton alle stunta sjølv, og han beviser at han er blant dei største komediestjernene gjennom tidene.

One Week 1920 plakat - Filmdagbok