One Week (2008)

Film / 12. juni 2010
4/5

Kva ville du gjort viss du berre hadde en veke igjen å leve? Om du framleis var oppegåande, men fikk vite at du hadde en aggressiv krefttype som ville krevje at du kom deg til behandling før veka var omme, viss du i det hele skulle ha en sjanse. Det er denne situasjonen Ben (Joshua Jackson) brått en dag hamnar i. Og til spørsmålet er svaret til Ben å kjøpe seg en motorsykkel og køyre vestover.

One Week har et alvorleg bakteppe, men ender like fullt opp med å bli ein vakker film. En road trip vestover, med utgangspunkt i Toronto, betyr Canada og spektakulære omgivnader. Men sjølv om naturen byr på sitt og turen på motorsykkel er et eventyr for seg, er det å følge Ben dette handlar om.

Ben gjennomgår noko som dei færraste har opplevd, og filmen prøver ikkje å forenkle det som skulle fare gjennom tankane hans. Ulike stadier for korleis han takler situasjonen glir over i kvarandre og framstår som udefinerte og tidvis blanda. Han er på rømmen, samtidig som han søkjer mot noko.

Det er både en sterk film og ein film som tematikken i betrakning er lavmælt. Det er sterkt å sitje tilbake og den brå forandringa i Ben, samtidig som eg har en forståelse for motivasjonen hans. At filmen ikkje går inn for å formidle dei tyngste sidene ved en kreftdiagnose, gjer at det er ettertanken og ikkje nødvendigvis tanken undervegs som er den dystre. En positiv måte å behandle tema på, som gjer filmen meir vennleg.

Det er jo trass alt snakk om en road movie, og for mitt vedkommande er det da viktig med ei kjensle av eventyr og spenning på toppen av alvoret.

One Week 2008 plakat - Filmdagbok

Regi

Michael McGowan

Manus

Michael McGowan, Marguerite Pigott

Skodespelarar

Joshua Jackson (I), Peter Spence, Marc Strange, Gage Munroe, Richard Waugh, Deirdre Kirby, Liane Balaban, Fiona Reid, Chuck Shamata, Caroline Cave

Sjangrar

Drama, Eventyr

Land

Canada

IMDb

IMDb-side om One Week

Forfattar