Ong-bak 2

Film · 2008 · · 10. februar 2010
3/5

Tony Jaa er tilbake i det som skal vere ei forhistorie til Ong Bak frå 2003. Som eg har lært å forvente når Tony Jaa er med i bildet, er dette eit spektakulært stykke med slåsting på film.

At karakteren til Tony Jaa ikkje heiter det same som i den første filmen, eller eventuelle andre brestar i kontinuiteten som ulike tidsepokar, betyr ingenting for handlinga til Ong-bak 2 — som like godt kunne hatt ein annan tittel. Etter ein kjedeleg introduksjon tar filmen seg opp til eit behageleg nivå.

Tony Jaa viser nok eingong at han kan beherske mange kampteknikkar og våpen, kombinert med saftige lydeffektar blir dei godt koreograferte scenene i lag med ei kurant historie om hemn til eit brutalt kampkalas. Det burde tilfredsstille mang ein kampsportentusiast.

Tony Jaa er på langt nær det største skodespelartalentet verda har sett, men filmen lid på ingen måte av dette. Alt er bygd opp rundt den kompetansen han har. Eg tykkjer at kampscenene hans overgår stjerner som Jackie Chan, Bruce Lee og Jet Li. Men for alt eg veit har eg ikkje sett det beste med desse skodespelarane i.

Det som trekk ned er historia og starten, men det er ein smakssak. Enkelte vil nok lettare klare å komme seg forbi ei svak historie når påskjøninga er så vakre kampscener som det Ong-bak 2 byr på. For min del legg det ein dempar på sakene og var vanskeleg å ikkje tenke på trass i at det som utfoldar seg utover er svært så fengande action.

IMDb-logo
Ong-bak 2 2008 plakat - Filmdagbok