Only the Lonely

John Candy er ein av dei komikarane eg set meir og meir pris på. Ikkje alt han tar i er gull, men han har eit nærvær på film som ofte har ein effekt som både er komisk og seriøs. Dette kan tilføre det som til og med er middelmåtige komediar eit innspel som gjer det ein film verdt å sjå.

Only the Lonely er skrive og regissert av ei anna legende innanfor komedie, Chris Columbus. Og med dette grunnlaget er min grunn til å sjå filmen sagt.

John Candy spelar Danny, ein vaksen fyr som framleis bur heime med mora, og som er einsleg. Mora likar å bestemme kva han skal gjere, og kven han skal møte. Når han så møter den litt spesielle Theresa Luna (Ally Sheedy) og blir forelska, møter han motstand hjå mora. Dette byr på komedie, men også eot innblikk i ein person som blir dratt mellom to sider og etter kvart må ta sitt eige standpunkt.

Kall det ein godt vaksen oppvekstfilm og ein romantisk komedie. Men Only the Lonely er også si eiga sak, og er litt av alt på ein god måte som også har historie og framgang i søkelyset.

Only the Lonely 1991 plakat - Filmdagbok