Only You

Film · 1994 · · 27. april 2016
3/5

Italia, Marisa Tomei, Robert Downey Jr., rømme, romantikk, komedie, trulova, kommande bryllaup, venninne, Roma. Dette er sentrale stikkord i Only You.

Marisa Tomei spelar ei kvinne som skal gifte seg. Nokon dagar før bryllaupet stikk ho til Italia, fordi ho må finne ut om ein fyr med eit namn ho har eit spesielt forhold til, er hennar eigentlege åndelege tvilling.

I lag med ei venninne drar ho gjennom Italia. Ho møter på litt folk her og der, og så dukkar Robert Downey Jr. opp. Og resten er historie. Det er ikkje full klaff mellom dei to med ein gong. Men så klart det blir det etter kvart. Dette er jo ein romantisk komedie.

Det tar ei god stund før Only You går seg til. Mellom 45 og 60 minuttar har gått før eg byrjar å like dette. Det er for lenge, men at filmen derifrå og ut har både stemning og har etablert seg nok til at humoren når ut, veg opp.

Det er Marisa Tomei eg har mest sansen for, men det er først når Robert Downey Jr. blir introdusert at filmen blir underhaldande.

Strengt tatt er Only You ein film å gløyme. Ein gjennomsnittleg raritet frå 1990-talet som berre spesielt interesserte ville komme over, så sant det ikkje var for Netflix.

Only You 1994 plakat - Filmdagbok