Onward

Film · 2020 · · 30. desember 2020
4/5

Disney- og Pixar-filmen Onward var ein eg stifta første kjennskap til då eg såg filmtraileren tidleg i 2020, i forkant av Frozen II. Filmtraileren gav meg lite til ingen lyst til å sjå filmen, men var samtidig så eigenarta og utfyllande at eg i desember 2020 framleis hugsa kva han skulle handle om.

Og sidan eg har hatt ei greie i mange år med at eg som regel endar opp med å sjå dei Pixar-filmar, så blei det trass i tidlegare lystmangel gjort sånn at Onward blei sett. Eller Fremad som han heiter på norsk. Vanlegvis styrer eg unna det norske, og ser filmane med tale frå opphavslandet. Og det gjorde eg her også, men eg slapp ikkje unna det at versjonen på Disney+ var ein der tekstar i sjølve filmen også var til norsk. Noko eg godt skjønnar at er lett å få til i animasjonsfilm, men som eg likevel ikkje har sett før.

Så til filmen. Som var ei god oppleving over all forventing. Og eigentleg så god som eg håpa han kunne bli. Her leverer Pixar-merkevaren ein film som er lett tilgjengeleg og sprek på overflata, men som også evnar å stikke litt djupare inn i noko meir seriøs tematikk undervegs.

Det handlar om ei eventyrverd der magien har blitt borte. Alvar, feer og andre eventyrlege skapningar lev i det som liknar mykje på vår verd. Trollmenn har etter kvart forsvunne på grunn av at teknologi var enklare å få til. Så det er klart dette vil handle om å finne magien igjen. Men det handlar også om familie. Om ein far som er gått bort. Om ein bror som kanskje ikkje er den næraste lenger. Og det handlar om å finne sin plass.

Stort meir enn det vil eg ikkje skrive om Onward. Likar du dei lystige Pixar-filmane med litt djupne, så vil du sannsynlegvis finne ting du likar med Onward også. Det er nesten ikkje verdt å nemne meir, men kvaliteten til animasjonen er heilt topp.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Onward 2020 plakat - Filmdagbok