Open Windows

Film / 2014
3/5

Open Windows er ein film der heile handlinga blir formidla gjennom ein pc-skjerm. Pc-en til hovudpersonen blir broten inn på i byrjinga av filmen, og han blir pressa til å utføre handlingar. Alt blir fortalt via overvakingskamera, webcamera til pc-en, mobiltelefonar og andre kameraløysingar.

Det handlar om ein mann som driv ei fanside for ein skodespelar. I tilknyting til ei lansering han skal vere med på, blir pc-en hans like i forkant broten inn på, og han kjem seg aldri til lanseringa. I staden for må han gjere som hackaren på andre sida seier, elles går det dårleg.

Filmen serverer gradvis informasjon og avsløringar som utgjer historia. Ved å skrive meir om historia, blir handlinga avslørt. Og sidan denne filmen balanserer på kanten til å kunne vere av interesse for enkelte, med måten sin å fortelje historia på, avstår eg frå avsløringar.

Tidleg i 2019 såg eg filmen Searching, som brukar same forteljarteknikken. Searching handla om ein far som skulle finne den forsvunne dottera si, og heile handlinga blei formidla gjennom ein pc-skjerm. Open Windows er nokre år eldre, men når aldri opp til Searching i måten ein pc-skjerm blir brukt. Det er sånn passe greitt gjennomført, men manglar variasjon. Det går stort sett i det same.

Eit anna punkt Open Windows ikkje akkurat briljerer på er skodespelarane. Elijah Wood har eg ingenting å utsetje på. Han er i beste fall for god for filmen. Sasha Grey er eindimensjonal og uinteressant, og er lite truverdig i skodespelet sitt.

Kanskje eg er prega av at Open Windows blei funne blant mange andre dårlege filmar, men eg tykkjer at dette ligg nære i uttrykket og innhaldet å vere ein film med lågt budsjett. Det er litt som at filmen har ambisjonar og prøver seg på kule ting, men mangelen på midlar blir forsøkt dekka.

Open Windows 2014 plakat - Filmdagbok