Orange Is the New Black (2013–2019)

Serie / 31. juli 2019
4/5

Orange Is the New Black er basert på ei bok. Og så vidare, og så vidare. Det du treng å vite er at serien er laga av Jenji Kohan, mest kjent for Weeds. Det kan merkast på den mørke humoren. Og at det er eit lite drøss av kjente og etter min smak gode skodespelarar med, for eksempel Taylor Schilling og Jason Biggs.

Komedien og dramaet Orange Is the New Black har sitt utspring i ein tragedie. Tragedien er fengslinga av Piper Chapman (Taylor Schilling), ti år etter ei smuglarsak.

Det er Piper si tilpassing til fengselslivet som er mesteparten av spenningen og komedien i starten. Og hennar forandring som følger. Som det blir sagt tidleg i serien, dette er ikkje ein serie lik Oz (frå HBO). Dei mest ekstreme og kanskje forventa fengselscenene er utelatne. Orange Is the New Black har framleis nok av både dryge scener, komiske og tragiske liv å ta tak i.

Med lanseringsmodellen til Netflix er det fritt fram å sjå alle episodane fortløpande. Første sesong gjekk unna på eit par dagar. Eg vil likevel ta eit atterhald. Serien byrjar godt og eg kom fort inn i ein god flyt, men utover hadde episodane mindre å spele på.

Dommen etter første sesong er at dette ikkje er ein serie du må få med deg. Det er ein god serie og han er underhaldande, men lite gjer at serien skil seg nemneverdig ut. Det blir i grunn ikkje betre enn dei første par episodane, viss du lurer.

Vidare held serien seg nokolunde likt dei tre neste sesongane. Men manglar då greia ein serie har ved seg når han er ny. Serien går over til å handle meir om resten av livet bak fengselsmurane, og blir gradvis betre på dette. Mens historia om Chapman blir tynnare og mistar noko fokus.

Likevel har sesongane levert nok til at eg kjapt nok sluker dei. Så dei er kanskje betre enn forventa.

Orange Is the New Black 2013-2019 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Skapar

Jenji Kohan

Skodespelarar

Taylor Schilling, Kate Mulgrew, Uzo Aduba, Danielle Brooks, Dascha Polanco, Selenis Leyva, Nick Sandow, Yael Stone, Taryn Manning, Adrienne C. Moore

Sjangrar

Drama, Komedie, Krim

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Orange Is the New Black

Forfattar