Our Hospitality

Til å vere ein film frå 1923 om tidleg 1800-tal, så gjer Buster Keaton mykje ut av å tulle med eit USA i utvikling.

Blant anna blir Time Square vist før trafikken kom, som to grisete grusvegar i eit enkelt kryss. Og ein tidleg versjon av sykkelen utan pedalar, blir gjort narr av.

I tillegg får me ein smakebit på toghumoren som Buster Keaton gjorde langt meir ut av i The General.

Historia i filmen er om ein fyr som blir forelska i ei kvinne. Problemet hans er at familien hennar har svore på at dei skal drepe alle i familien til mannen. Det byr sjølvsagt på ein del gøy.

Our Hospitality 1923 plakat - Filmdagbok