Outlander

Serie / 2014–2019
4/5

Serien Outlander handlar om ei kvinne som blir sendt tilbake i tid. Claire er opprinneleg ein sjukepleiar i 1945, men blir av årsaker ho ikkje kjenner til sendt tilbake til 1743. Der møter ho Jamie som ho etter kvart innleiar eit forhold til.

Dette er berre byrjinga på fleire sesongar som hittil har fortalt ei historie som går over om lag 25 år. Etter fjerde sesong som eg nyleg har fullført, har handlinga flytta seg over fleire kontinent. Serien har vist oss utfordringane til hovudpersonane som følger av mange uheldige episodar. Tid og avstand er sentrale i desse. Kjærleiken er den som blir ramma, men også motiverer når karakterane blir skilde frå kvarandre.

Outlander er ein god produksjon. Han ser unektlege bra ut. Kvaliteten er på topp frå første til fjerde sesong. Problem oppstår fortløpande, men blir framstilt på ein måte at eg godtar det. Det blir ikkje for mykje om gongen, og det er alltid håp. Måten avstandar er framstilt på, får meg til å tru på at dette kunne ha skjedd på 1700-talet. I motsetning til historier som tar friheiter og viskar over utfordringa som store avstandar har.

Heile saken med at Claire reiser i tid opnar for eit element som det er endå mindre kontroll over enn dei brutale tinga som skjer på 1700-talet. Det blir ekstra spennande med dette forteljargrepet.

Eg kan verkeleg anbefale denne serien. Han held eit høgt nivå heile vegen. Uavhengig av korleis eg har sett han, har han fenga meg og halde interessa. Enten eg har sett ti minuttar av han på mobilen, eller vore heime i sofaen. Om eg har sett sesongen ferdig på ei veke eller på fire veker har heller ikkje betydd noko for kva eg tykte om han. Eg ser fram til ein ny sesong i 2020.

  • Outlander 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Outlander 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Outlander 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Outlander 2014-2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. desember 2019 av

Skapar

Ronald D. Moore

Skodespelarar

Caitriona Balfe, Sam Heughan, Duncan Lacroix, Tobias Menzies, Grant O'Rourke (I), Graham McTavish, Sophie Skelton, Stephen Walters (I), John Bell (XXIV), Richard Rankin (II)Vis alle 491 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Outlander