Over the Hedge

Film · 2006 · · 7. desember 2019
3/5

Ein vaskebjørn skapar trøbbel for ein gjeng med smådyr i Over the Hedge.

Vaskebjørnen RJ prøver å stele mat frå bjørnen Vincent som er i dvale. Men Vincent vaknar opp, RJ mistar maten, og må love å skaffe ny mat innan ei veke.

I det RJ støyter på ei gruppe beståande av ei skilpadde, eit ekorn, eit stinkdyr og nokre fleire, får han ein ide. Like ved ligg eit forstadsområde med mange moglegheiter for matsanking. RJ lurer dyra til å hjelpe han med å skaffe maten som bjørnen vil ha.

Over the Hedge har mykje på hjarte. Tema som det å stele, lyge, rasere område til dyra og meir blir tatt opp. Det er ei side av filmen. Den andre sida er dei kule animerte dyra og dei dryge og morosame situasjonane dei hamnar i. Og måten dei blir animert på. Eg var i modus til å sjå underhaldning og mesteparten av opplevinga eg tok til meg var det lystige.

Sjølv om det byrjar å bli ein del år sidan filmen kom ut, held han seg godt. Animasjonen er upåklageleg. Vitsane er i mindre grad enn i Shrek-filmane knytt til referansar frå då han kom ut. Det er positivt.

Artig, enkelt og fin underhaldning. Fin å sjå om du likar animasjonsfilmar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Over the Hedge 2006 plakat - Filmdagbok