Over the Moon

Film · 2020 · · 26. mars 2021
3/5

Den Oscar-nominerte animasjonsfilmen Over the Moon frå Netflix er eit kurant underhaldingstillegg på halvannan time i kvardagen.

Historia i Over the Moon handlar om ei ung jente, som veks opp med å tru på ei kjærleikshistorie som mora fortalte hennar. Om ei kvinne som aldri fekk sin kjærast, og enda opp med å bli ei mytisk gudinne på månen.

Filmen er ein fargeklatt med fleire songnummer. Nokon kunne ha passa inn i ein Disney-film, mens andre ligg nærare EuroVision. Animasjonsstilen har rom for humor, men gjer ikkje så mykje meir utover det enn å fungere til formål for å fortelje historia.

Det er ein enkel og passe artig film som eg i utgongspunktet ikkje har noko i mot. Men ein tilbakevendande skepsis på alt som handlar om Kina, får meg til å lure på om dette er nok ein film med kinesiske produksjonsselskap. Kina og politikk involverer seg stort i filmproduksjonar, og innslaget i Over the Moon om ei lyntogutbygging luktar kommunistpropagande. Det set ikkje så altfor stort preg på filmen, men det er der.

Ved å legge denne tanken tilsides, noko som er greitt for i det heile å kunne ha glede av mange filmar frå ulike hald, så har eg ikkje stort meir negativt å sei enn at dette i blant også er litt kjedeleg. Men han hentar seg alltid inn igjen.

Over the Moon 2020 plakat - Filmdagbok