OXV: The Manual

Film · 2013 · · 14. mars 2015
3/5

OXV: The Manual er ein film om ei verd som nesten svarar til vår. Forskjellen er at menneske har ein slags frekvens, og denne er oppdaga.

Frekvensen bestemmer livet ditt, rolla di og alt i mellom. Ideen er kanskje vinkla på ein ny måte, men konsekvensane er kjente. Fleire dystopiske filmar har takla den same premissen, med inndeling i klassesamfunn.

Det betyr ikkje at eg har noko i mot filmen. Det er interessant tematikk, og ein god film er ein god film. Noko OXV: The Manual er. Han tar aldri heilt av, men er stort sett interessant store deler av tida.

Den romantiske delen av filmen er også fin. Og korleis science fiction-elementa verkar inn som hinder for to personar som kunne ha vore i lag.

Eg trur det lågmælte og tona ned uttrykket og litt låge tempoet er det som trekk ned mest for meg. Eg kunne tenke meg at deler av filmen fekk meir ein dytt i ryggen og kom sterkare fram.

OXV: The Manual 2013 plakat - Filmdagbok