Oz & James Drink to Britain

Serie
2009–2009
4/5

Oz & James Drink to Britain er ein slags oppfølgjar til Oz & James's Big Wine Adventure, kor vineksperten Oz Clarke og journalisten James May reiste rundt i Frankrike og USA for å drikke vin.

Denne gangen reiser dei rundt i Storbritannia og Irland for å drikke alt mogleg rart. Det er like underhaldande som alltid, då desse personane er to motsetningar, og temaet er det interessante konseptet drikk med alkohol i.

I løpet av åtte episodar reiser desse to innom ein god del bryggeri, brenneri og det som er for å oppleve øl, whisky, vodka, sider og andre lekre saker.

Dette er ein serie av typen kor du bør ha litt interesse for korleis drikkene blir laga, men kor du også kan bli underhalde enkelt nok av formatet til serien, som er lettfatteleg og smått humoristisk.

Oz & James Drink to Britain 2009-2009 plakat - Filmdagbok