Oz & James's Big Wine Adventure

Serie
2006–2007
4/5

Vinekspert for BBC og forfattar Oz Clarke, og programleiar for Top Gear, James May slår seg i første sesong saman og reiser på rundtur gjennom Frankrike. I ein 1989 Jaguar XJ-S convertible har dei mål om å lære James May å sette pris på vin. Resultatet er eit interessant og lærerikt program som smeltar saman opplevinga av reiseprogram i bilturformat med freistingane av god mat og moroa ved inntaket av moderate mengder vin.

Gjennom ein månad fordelt over fire episodar på ein halvtime og ein på ein time blir James May utfordra av Oz Clarke på grunnleggande område innan vinkjenning. Det er alt frå druer til laging og smaking.

Det kjente grepet med å sette ulike personar i lag for å skape underhaldning er brukt her. Oz Clarke er vinelskar og meir sofistikert enn bilelskaren James May. Konfrontasjonane er aldri seriøse eller destruktive for vennskapen som dannar seg i løpet av serien, men bidrar heller til å halde oppe ein ledig tone til dette lune, koselege programmet. James May er kanskje i mot det mest hardbarka vinsnakket. Poenget med eventyret er likevel alltid fokusert på ulike typar vin og kulturen rundt.

Programformatet er ikkje blant dei mest utfordrande, Oz and James's Big Wine Adventure er likevel interessant og eit fint kultivert tillegg i kvardagen, med akkurat nok episodar synst eg dette var heller kjekt.

Andre sesong er smått utvida samanlikna med første sesong. Han er litt mindre sakleg, og har meir alkohol. Oz Clarke og James May er tilbake på reisefot, denne gongen i California på jakt etter god og rimeleg vin.

I California blir Oz & James's Big Wine Adventure i større grad ei rundreise med fokus på smaking og ulike produksjonsmetodar. James May har tydeleg fått auka kunnskapar, men innehar nok det som skal til for å finne rimeleg vin til folk flest. Som for å trekke ned igjen vinreisa til jorda har det blitt gjort meir plass for reise-tv-delen av programmet, samt det faktum at store mengder vin, logisk nok, fører til at folk flest blir godt fulle.

Samanlikna med første sesong har den andre hakket meir fokus på underhaldning, men ikkje for mykje. Eg vil først og fremst karakterisere dette som eit lærerikt og inspirerande innblikk i mangfaldet av vinlaging på amerikansk vestkyst, der intensjonen til folka bak dei aktuelle vinane får fortent dekning.

På vegen møter Oz Clarke og James May folk som 2-buck-Chuck, mannen bak billeg industrialisert vin, økologiske vinlagarar, blandingsmerkelagarar og motorsykkelgjengen bak merket Anarchy.

Oz & James's Big Wine Adventure 2006-2007 plakat - Filmdagbok