Ozark

Serie · 2017–2020 · · 8. april 2020
4/5

Ozark har gått i tre sesongar på Netflix. Serien som i byrjinga handla om ein familie som må søke tilflukt på grunn av ei stor gjeld til nokon kriminelle, har utvikla historieforteljinga til å omfatte andre problemstillingar. Men er òg i stor grad den same serien.

Marty og kona Wendy i lag med to barn må flytte frå Chicago til Ozarks. Marty har i lengre tid vore involvert i kvitvasking av pengar, og halde dette skjult for kona. På grunn av underslag som partnaren hans har gjort, blir Marty sitjande med eit stort pengekrav over seg. Han må kvitvaske 500 millionar amerikanske dollar.

Området Ozarks er eit ynda ferieområde rundt ein kunstig innsjø i staten Missouri i USA. Dette blir staden der Marty og Wendy må klekke ut ein plan for å kvitvaske desse store pengesummane. For å få til det må dei satse stort, og få i gong eit opplegg som kan la store mengder pengar strøyme gjennom seg.

Etter kvart som serien utviklar seg blir fleire sider av det kriminelle miljøet dei allereie er involvert i med. Serien blir stadig meir omfattande og risikoen på sett og vis høgare. På sikt går dette ut over truverde, men utover det er gjennomføringa framleis spennande. Det blir mindre boksmart med tanke på kunnskapen til Marty utover, men Wendy får meir å sei. Samspelet og motspelet mellom desse to er både farleg og komisk på ein god måte.

Eg har sansen for denne serien. Han har noko ved seg som får tankane til å streife innom den moderne westernserien Justified. Kanskje det har med innslaget av kriminelle lokale folk å gjere. Det er ikkje hovudfokuset, men det føregår ein kamp mellom lokale og inntrengjarande som Marty representerer.

Etter tre sesongar merkar eg at han burde gi seg for ikkje dra historia for langt, sjølv om serien framleis er god etter tre sesongar.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
  • Ozark 2017-2020 plakat - Filmdagbok
  • Ozark 2017-2020 plakat - Filmdagbok
  • Ozark 2017-2020 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Jason Bateman (I)Laura LinneySofia HublitzVis alle

    Sjangrar

    Land