På solsiden

Hartvig Riibe har invitert Joakim Bris på besøk for å overraske si kjære Ester. Mora til Hartvig, Margrethe, verkar ikkje vidare begeistra for Ester, og set ikkje større pris på vennene til Hartvig, som òg involverer slabbedasken Preben. Dette blir forsterka når Joakim dukkar opp. Søstera til Hartvig, Wenche, har ei fortid med Joakim frå ein ferie i Paris. Og skulle ikkje dette vere forvirrande nok, vil iallfall rollefigurane skape liv og røre.

Livet på solsida er ikkje rein idyll, men nære. Det er meir eit lystspel enn eit drama når det kjem til forviklingane. Skodespelet er teatralsk, inga overrasking då filmen er basert på eit teaterstykke. Dette blir eit verkemiddel som tar brodden av dei dramatiske sekvensane, og får fram komedien. Likevel blir dette ein fin film om kjærleik, og det fungerer godt med komedie då han stort sett er drive av dialog.

Det tar aldri av, men blir aldri kjedeleg. Edith Carlmar og Otto Carlmar har laga nok ein solid film med På Solsiden, men eg ventar framleis på å sjå filmen som vil vippe meg av stolen, då det å sjå seks av seks av ti titlar i filmografien til Edith Carlmar som regissør gjenstår.

På solsiden 1956 plakat - Filmdagbok