Pablo Francisco: Ouch! Live from San Jose

Standupkomikar Pablo Francisco er tilbake med ny DVD og nye vitsar, stemmeetterlikningar og ikkje minst forteljarstemmer til filmtrailerar. Showet er 1 time og 10 minuttar langt og deler av det er rimelege dryge saker, som dissing av folkegrupper og homofili, alt med ei humoristisk formidling som gjer det akseptabelt.

Samanlikna med Pablo Francisco: Bits and Pieces - Live from Orange County så er ikkje Pablo Francisco: Ouch! Live from San Jose så morosam. No gjekk rettnok nokon av poenga bort ettersom eg mangla undertekst, men andre deler var rett og slett for tamme. Det betyr ikkje at dette ikkje var morosamt, for på denne lange timen får mannen plass til mykje bra også.

Eg vil karakterisere dette som god standupkomedie, men ikkje topp.

Pablo Francisco: Ouch! Live from San Jose 2006 plakat - Filmdagbok