Pacific Rim

Film · 2013 · · 31. oktober 2013
4/5

Pacific Rim er verken komplisert eller djup. Historia byggjer på eit snodig forsøk på å dekke til miljøpropaganda, og utover i filmen eit urealistisk val om å bygge dårlege murar rundt busette område.

Men det er småting og betyr ikkje stort for resten av filmen, trass i at eg nok ein gong set av innleiinga i eit innlegg til det negative.

På effektivt vis, om enn enkelt, så får filmen skapt eit godt grunnlag for ei framtid med lite håp. Det kan det bli, og blir det, spenning ut av. Kampane mellom dei gigantiske menneskeskapte maskinene og framande monster er lette å følge med på. Dei er godt dosert utover i filmen, og er viktige nok til å bry seg om.

Så trass i at filmen er enkel på enkelte område, så er det godt gjort der det gjeld. Og for min del står filmen fram som spennande, engasjerande og fullkommen innanfor sjangeren sin.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Pacific Rim 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Charlie HunnamDiego KlattenhoffIdris ElbaVis alle

Land