Pad na jou hart

Film · 2014 · · 14. juni 2016
3/5

Sør-afrikanske Pad na jou hart handlar om å utvide horisonten og oppdage nye gleder i livet.

Eigentleg er dette også ein film som er anti-teknologi og anti-profitt. Det vil sei imot å bruke verktøy skapt av den fantastiske hjernen til menneska til å forbetre livet, få overskot til å bli betre, og imot generelt overskot. For definisjonen av profitt er overskot, det motsette av profitt er tap. Men heldigvis er dette berre i subteksten, og kan lett bli oversett om eg konsentrerer meg mest om eventyret og romantikken.

Grunnen til å nemne dette er for å forklare årsaka til at denne elles flotte romansen ikkje får maks utteljing hjå meg. Mange filmar har sånne innslag, men her har det ein større plass enn eg har sansen for.

Kjemien mellom Basson (Ivan Botha) og Amory (DonnaLee Roberts) er ganske fin, og gjer underverk når filmen fullt og heilt dreiar seg om det som skjer mellom desse to. DonnaLee Roberts minner meg om Amanda Crew frå Charlie St. Cloud og Silicon Valley, og positive assosiasjonar er i blant fint når eg valfartar ukjent territorium som sør-afrikansk film.

På engelsk heiter filmen Road to Your Heart.

Pad na jou hart 2014 plakat - Filmdagbok