Paddington

Paddington er ein film om ein bjørn frå jungelen i Peru som kjem til London. Der møter han ein hyggeleg familie som gir han ein heim. Det å vere ein bjørn i London byr på fleire utfordringar. Ein utstoppar har lyst til å fange Paddington for å stoppe han ut.

Dette er både ein komedie om ein bjørn som blir kjent med siviliasjonen, og ein spenningsfilm med ein skurk som vil fange bjørnen. Det er både morosamt og litt spennande. Mesteparten av humoren er små detaljar og eit utanforståande blikk retta mott britiske skikkar.

I tillegg er det ein fantastisk film med mykje kaos og uføreseielege hendingar som kan overraske. Eg blei overraska over kor god filmen var, og ser fram til oppfølgjaren.

Paddington 2014 plakat - Filmdagbok