Palmeras en la nieve

Ein ung mann jobbar i den spanske kolonien Spansk Guinea, ein av dei siste koloniane til Spania. Tidsperioden er frå 1950-talet og utover 1960-talet. Under opphaldet sitt forelskar han seg i ei gift kvinne.

Historia om mannen og situasjonen i landet, både politisk og privat, blir fortalt side om side med ei historie om hans niese frå nyare tid som drar tilbake til noverande Ekvatorial-Guinea for å lære om fortida til onkelen.

Det er mykje bra i filmen. Han har ein verkeleg solid struktur og er ein film som er rik på inntrykk, utvikling og drama med djupne. Lite er det som manglar for å gjere dette til ein topp film. Men det vesle som manglar er likevel ein vesentleg mangel. Filmen har ein tendens til å forvirre ved å forhaste nokon poeng. Og eg saknar eit sterkare spel på kjensler. Stort sett opplever eg å vere ein utanforståande skodar, og kjem ikkje tett nok på filmen.

Palmeras en la nieve 2015 plakat - Filmdagbok