Papurika

Film · 2006 · · 6. mai 2007
3/5

Papurika tar Satoshi Kon tilbake til surrealismen etter realismen i Tokyo Goddofazazu, og det på ein av dei drygaste måtane hittil i filmskaparkarrieren hans i mine auger. Her blir grensene mellom draumar og vaken tilstand viska vekk og alt ligg tilrette for ein forvirrande time og ein halv.

Overraskande nok er det ikkje tungt å følge filmen. Han legg aldri opp til at han må bli fortstått for å underhalda. Filmen varierer mellom spenning, thriller og fantasi. Å vurdere han er derimot vanskeleg, for kva skal eg sjå etter i ein slik samanheng? For min del var det eit stort pluss at filmen klarer å involvere meg i personane her, som har definerte roller. Når eg har dette å halde meg fast i kan det i grunn skje mykje rart utan å rokke på tolmodet mitt.

Sett at mykje rart er i samanheng med ei blanding av draumar. Lar du deg imponere av fargebruk og ein animasjonstil som fleire stader ligg nær det groteske i både Akira og Spirited Away kjem du ganske langt.

Filmen heiter Paprika på engelsk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Papurika 2006 plakat - Filmdagbok