Parallels

Parallels er ein science fiction-film om ein bygning som på gitte intervall kan transportere folk mellom parallelle dimensjonar. Ingen kjenner historia til bygningen, men nokon har funne ut korleis han fungerer.

Me møter ei gruppe som byrjar å utforske fleire dimensjonar, og som prøver å få svar på eit og anna spørsmål. Og akkurat når filmen har komme godt i gang, så er han ferdig. For Parallels har det luksusproblemet at han er for kort. Eg er ikkje tilhengar av filmar som drar ut, dette gjeld spesielt filmar med forventa gang. Parallels går heller ikkje i ei bestemt retning, men gjer meg nysgjerrig på utfallet.

Produksjonen gir verken inntrykk av å vere påkosta eller underbudsjettert, men legg seg omtrent midt i mellom det eg forventar frå science fiction på tv og film. Så blei denne filmen produsert av Fox og lansert på Netflix, der eigne innkjøp har ein tendens til å vere sånne mellomting. Iallfall det eg har sett tidlegare.

Så er Parallels verdt å anbefale? Ja, han tar for seg eit interessant konsept, har nok av mysterium og eit godt driv. Han når ikkje opp til det beste, men har starten på ei historie som kanskje er god og som er verdt tida.

Parallels 2015 plakat - Filmdagbok