Paranoid Park

Gus Van Sant er ein filmskapar eg tenker lite på til vanleg, men som plutseleg slår til med ein knallbra film. Elephant var sånn. Paranoid Park er sånn.

Det handlar om ein gut som er involvert i døden til ei sikkerhetsvakt. Døden blir etterforska, og guten blir forhøyrt av politiet.

Ikkje nok med det, han er midt oppi fleire problem. Frå typiske tenåringsproblem til situasjonen med at foreldra blir separert.

Det er ikkje alle filmar som tenar på realisme, men i Paranoid Park både fungerer det og er essensielt. Reisa og motstanden som hovudpersonen i filmen møter, er noko filmen støtter seg på for at me skal oppleve filmen som realistisk. Det synest eg absolutt han gjer, og difor blir filmen god.

Paranoid Park 2007 plakat - Filmdagbok