Paris, je t'aime

Film · 2006 · · 11. desember 2007
3/5

18 kortfilmar utgjer Paris, je t'aime. 21 regissørar har fått boltre seg innanfor grensene til den franske hovudstaden. Eit samarbeid mellom britiske, franske og amerikanske gjer at det dukkar opp kjente ansikt både framfor og bak kamera på tvers av geografi. Det handlar lite om kven som har gjort kva då kortfilmen er eit utradisjonelt område for mange av deltakarane og det til slutt er filmane framfor namna om dette fenger. Felles for kortfilmane er kjærleik i Paris. Mangelen på direkte samanheng mellom kortfilmane er mindre viktig, då det blir skapt ein heilskap gjennom Paris.

Eg skal ikkje bry deg for mykje med namn og om Paris, men sistnemnte gjer seg godt som filmmiljø og fortener godord som stemningsbyggar.

Paris, je t'aime er ei god filmoppleving med overvekt av gode kortfilmar. Få kortfilmar stod seg ut som filmane med det vesle ekstra, der alt klaffa. Fleire av kortfilmane var gode og fekk fram små historier utan å nå heilt opp. Skuffande nok var det godt og vel halvparten av filmane som ikkje var meir enn heilt greie. Desse greie kortfilmane var enten forvirrande utan å gi inntrykk av å skulle forvirre, tomme for kjensler utan å skulle vere tomme, eller kortfilmar med kjedelege historier som ser ut til å ro seg i land på eit kjent namn bak eller framfor kamera. Desse mangla gjerne eit fingeravtrykk og framstår som kortfilmar det ikkje er verdt å nemne.

Paris je t'aime er eit fint samarbeid, men deler trekk det ned så eg aldri blir sittande med godkjensla lenge i gangen. Det eg mest av alt kunne tenke meg var ei samling av dei beste innslaga på halvparten av tida. Problemet i så fall hadde vore at andre som ser filmen nok har andre favorittar blant kortfilmane og ser andre verdiar i samanhengen mellom desse.

IMDb-logo
Paris, je t'aime 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Fanny ArdantJulie BatailleLeïla BekhtiVis alle

Sjangrar