Paris, Texas

Wim Wenders har laga ein fin film som dessverre er litt for lang. Det kan vere dagsforma min, eller det at filmen faktisk er 2 timer og 20 minuttar lang. Men dei stundene filmen ikkje kjennest for lang i, gjer eit godt inntrykk.

Hovudpersonen vår, Travis, verka umiddelbart veldig kjent på meg, men eg klarte ikkje heilt å kople. Etter kvar fann eg ut at han også spelar ei sentral rolle i Big Love, men eg har også sett andre filmar med han i, likevel om eg aldri heilt har tenkt over kven Harry Dean Stanton er.

Travis har vore sporlaust borte i fire år når han får kontakt med bror sin igjen. Broren har teke vare på den no åtte år gamle sonen, sidan mora til gutungen også har forsvunne. Etter kvart som Travis byrjar å kvikne til, får han igjen stemma og byrjar å oppføre seg som eit normalt menneske.

Det er ikkje så lett å forklare så mykje meir om filmen utan å røpe for mykje av handlinga. Tema i filmen og andre djupare ting la eg aldri vekt på å finne ut av, men heller på å sjå filmen som ein vanleg film. Noko han absolutt fungerte som.

Paris, Texas 1984 plakat - Filmdagbok