Parlez-moi de la pluie

Karim og Michel skal lage dokumentarfilm om ei sterk kvinne. Dei vel feministen Agathe Villanova som startar ei karriere i politikken.

Parlez-moi de la pluie er eit møte mellom ulike menneske i ulike fasar av livet, der felles for alle er trøbbel med privatlivet. Karim er i utgangspunktet lykkeleg, men jobbar i lag med ei kvinne som likar han. Michel har eit forhold til ei gift kvinne. Agathe har ein kjærast som føler han ikkje er ein stor nok del av livet hennar.

Filmen går stort sett føre seg i utkanten av ein mindre fransk by. Landsbyidyll frå utkanten og hotellscener frå byen gir sjåaren eit preg av å vere på besøk. Inntrykket mitt er at eg også blir halde på avstand frå karakterane, og aldri kjem tett nok innpå dei. Dette gjer at filmen, som står på forholda mellom desse karakterane, ikkje fullfører potensialet sitt.

Det er nokon humoristiske lyspunkt her, men Parlez-moi de la pluie når ikkje opp. Det blir midt på treet. Det blir kjedeleg ei stund, og litt involverande i neste. Det er heller inga sterk stemme bak filmen som hevar heilskapen forbi dei små nedturane.

Parlez-moi de la pluie 2008 plakat - Filmdagbok