Party Down (2009–2010)

Serie / 23. juli 2010
3/5

Party Down er ein komedie frå Starz, frå mellom anna skaparen av Veronica Mars, Rob Thomas. Framfor kamera manglar det heller ikkje på kjente, som Adam Scott, Ryan Hansen, Martin Starr og Lizzy Caplan.

Serien som handlar om et team i cateringsselskapet Party Down, hadde mange kjente gjester, men tok aldri av. Serien har den høgste tettleiken av kjente skodespelarar eg har sett i ein serie, men det forblir den einaste store greia med serien. Det er toppen eit par gullkorn i kvar episode, og ingen særlege karakterar å bli spesielt interessert i, bortsett frå sjefen i serien, som har litt av Michael Scott i amerikanske The Office over seg. Store deler av grunnlaget for humor i serien spelar på kontrasten mellom drøymande og håpefulle unge i servicebransjen samanlikna med det rike miljøet dei serverer for.

Eg var ikkje akkurat over meg av begeistring etter første sesong. At andre sesong er betre enn første, kan ha med at humoren i fleire tilfelle verkar mykje drygare enn tidlegare. Eit portrett av en kald og kynisk bransje, sett på spissen, men samtidig mogleg å ta til seg, får sterkare fram et samhald i teamet frå Party Down. Dette bidrar til å skape et sterkare band mellom episodane, som ikkje står på nokon historieark gjennom sesongen i utgangspunktet.

Det viser seg at det vart med to sesongar av Party Down, ein serie som trass i mange profilerte ansikt ikkje har blitt via så altfor mykje merksemd. Dette er synd når andre sesong i større grad enn første, som for all del var underhaldande den òg, i tilstrekkeleg grad underheldt og hadde det vesle ekstra som gjorde at den skilte seg ut.

Party Down blir nok aldri den helt store serien.

Party Down 2009-2010 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Starz

Skaparar

John Enbom, Dan Etheridge, Paul Rudd (I)

Skodespelarar

Adam Scott (I), Ken Marino, Ryan Hansen (I), Martin Starr, Lizzy Caplan, Megan Mullally, Jane Lynch (I), Jennifer Coolidge, Kristen Bell (I), J.K. Simmons

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Party Down

Forfattar