Paura nella città dei morti viventi

Film · 1980 · · 26. juli 2011
4/5

Etter suksessen med Zombi 2 gjekk Lucio Fulci i 1980 vidare til å byrje på det som har blitt kjent som Gates of Hell-trilogien. Frå 1980 til 1981 kom Paura nella città dei morti viventi, E tu vivrai nel terrore - L'aldilà og Quella villa accanto al cimitero. Filmane inneheldt levande døde, tok opp det okkulte og er kjenneteikna ved å utfordre tradisjonell historieforteljing.

Etter at ein prest heng seg sjølv i småbyen Dunwich, byrjar merkelege ting å skje. Folk forsvinn og nokon dukkar opp igjen døde, skremt i hel. Parallelt med hendinga i byen Dunwich følger me Mary (Catriona MacColl) som i ein seanse vitna sjølvmordet og har blitt innforstått med at portane til dødsriket er i ferd med å bli opna. I lag med journalisten Peter Bell (Christopher George) prøver ho å finne ut kva som skjer.

Paura nella città dei morti viventi er rik på stemning og ubehag. Tankane gjekk til Stanley Kubrick-klassikaren The Shining, der eg blir sittande å vente på det som er rundt neste hjørne. Den omtrentlege fråværet av humoristiske element gjer at splatter-effektane bygg opp under ubehaget heller enn å bli hysteriske. Musikken til Fabrio Frizzi, komponisten som Lucio Fulci hadde med på Zombi 2, pakkar filmen inn i eit rikt teppe av passande tonar. Det gjennomgåande tema blei gjenstand for nynning i ettertid.

Skodespel i særklasse er fråverande i Paura nella città dei morti viventi, som òg manglar ein fengslande gang i handlinga. Det er Lucio Fulci sitt driv til å gjere dette på sin eigen måte og heller ikkje sky originale vendingar som gjer dette verdt tida. At alt som skjer ikkje nødvendigvis skal ha noko djupare meining er med på å byggje opp under det uføreseielege. På ei heilt annan side er filmen rik på varierte frampeik som gir sjåaren stadige påskjøningar om han følger med.

Den engelske tittelen er City of the Living Dead.

Film nummer to, E tu vivrai nel terrore - L'aldilà, skal vere hakket meir spesiell og er den filmen i trilogien eg har dei største vonene til.

Paura nella città dei morti viventi 1980 plakat - Filmdagbok