Payback: Straight Up

Same historie, anna film. No har eg rett nok ikkje sett kinoversjonen av Payback på nærare sju år, men Payback: Straight Up var godt ulikt i frå det vesle eg hugsar. Ei samanlikning blir urealistisk å få til på sparket utan eit gjensyn med kinoversjonen, noko eg ikkje har planlagt i næraste framtid, så det får bli med opplysningane får ein medfølgjande dokumentar.

Borte er det bilde med blå tone, Payback: Straight Up er rik på fargar og kontrastar. Vitsane er fjerna, nokon dystre scener er lagt til, så det er ikkje snakk om ein lettare film, tvert i mot. Regissør Brian Helgeland sin visjon om ein film med 1970-talsstil er resultatet.

Payback: Straight Up er ein tøff og målretta film. Men han er ikkje overdriven actionhelttøff. Drastiske val av scener gjer det til ein Mel Gibson-film utanom det vanlege. Ei frisk oppleving og ein absolutt fornøyeleg film. Dessutan er den på like under 90 minuttar. Kompakte filmar er ei fin avveksling.

Payback: Straight Up 2006 plakat - Filmdagbok