Peep Show

Serie
2003–2015
3/5

Peep Show er ein serie om to unge menn som er romkamerater i ei leilegheit i England. Dei er strake motsetningar, og på sett og vis venner. Dei kan finne på absurde og destruktive handlingar for seg sjølv, så deira glimt av lykke innimellom er i beste fall mellombels.

Eit av kjenneteikna til serien er at me ser det som skjer gjennom auga til andre. Om det er konsekvent har eg aldri tenkt over, men når dei to typane Mark (David Mitchell) og Jeremy (Robert Webb) snakkar i lag, er det den andre som er utgangspunktet for kameravinkelen. I tillegg fungerer deira tankar som forteljarstemme.

Som ofte med britiske seriar der serieskaparane er både manusforfattarar og gjerne produsentar, så har Peep Show korte sesongar. Ni sesongar over tolv år blir ikkje meir enn 54 episodar. Problemet mitt i skrivande stund er å hugse inntrykket dei tidlege sesongane gav. Og eg er nesten sikker på at dei første sesongane var artigast, mens det etter kvart gjekk seg litt til. Det lengre opphaldet før siste sesong gjorde at eg hadde meir lyst igjen til å sjå serien, og det tok seg opp igjen eit hakk.

På grunn av relativt få episodar er dommen min positiv. Peep Show har vore artig å sett, men ikkje topp.

Peep Show 2003-2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

7. februar 2016 av

Skapar

Andrew O'Connor

Skodespelarar

David Mitchell (VI), Robert Webb, Matt King, Olivia Colman, Neil Fitzmaurice, Isy Suttie, Paterson Joseph, Sophie Winkleman, Jim Howick, Rachel BlanchardVis alle 208 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Peep Show