Peggy Sue Got Married

Francis Ford Coppola er mest kjent for å ha laga filmar som The Godfather, The Conversation og Apocalypse Now! Men ved sidan av dei gode har han òg laga fleire ikkje fullt så gode filmar, og blant dei er Peggy Sue Got Married.

Det er gjenforeining, 20 år etter high school, og Peggy (Kathleen Turner) har nyleg forlate mannen sin, Charlie (Nicolas Cage). Eit anfall under samlinga sender Peggy inn i ein slags koma, og ho får ein sjanse til å leve opp igjen ungdomstida.

Filmen viser kva Peggy, med fleire år som vaksen, ville ha gjort annleis om ho fekk sjansen. Han er òg rettferdig mot påverknadar som miljø og eigen kropp har på Peggy, som i utgangspunktet trur ho veit betre, på grunn av den eigentlege alderen.

Sett til både 1960- og 1980-talet blir denne filmen ei blanding mellom retro ungdomskomedie og vakse drama. Ved å la Peggy få halde på minnet sitt, og utnytte idear til oppfinningar som etter 1960 har gjort folk rike, kjem filmen så vidt innpå problemstillinga kring alle dei faktorane som spelar inn for at endring skal skje. Men det blir stort sett leiking med tanken, for det meste av Peggy Sue Got Married handlar om å vere open og våge å trå utanfor dei trygge rammene sine, for kanskje å finne livet betre utanfor.

Filmen lykkast i å preike om toleranse, og er til ei viss grad interessant når det kjem til Peggy, som har kunnskap om hendingar fram mot 1980-talet. Utanom dette er det ikkje all verda å hente, litt komedie og eit kurant drama. Ikkje blant dei skarpaste til Francis Ford Coppola, men framleis over middels.

Peggy Sue Got Married 1986 plakat - Filmdagbok