People Places Things

Eit av høgdepunkta på slutten av 2015 var People Places Things. Mest på grunn av Jemaine Clement si evne til å levere gode replikkar på komisk vis. Delvis på grunn av at eg assosierte dette med den flotte serien Louie. Men sannsynlegvis også på grunn av filmen også på andre område var godt gjennomført og fungerte fint som komedie.

Det handlar om ein far og ei mor som går frå kvarandre, og om deira to døtrer som året etter brotet er med på å endre livet til faren då han ønsker meir samvær med dei. Humoren er i dei snappe replikkane og små tinga. Eg vil sei at evna til filmen til å få meg til å le av den direkte og ærlege replikkføringa til farsrolla til Jemaine Clement er det absolutte høgdepunktet frå start til slutt.

Oppi det heile er dette også ei fin forteljing om ein fyr som tar ansvar for seg sjølv og sitt, etter eit liv levd hittil som støttande på andre. Det gjeld forholdet hans til seg sjølv, kvinner og sine barn.

Men mest av alt er altså dette ein god komedie, og blant dei anbefalte filmane frå meg frå 2015 på det område.

People Places Things 2015 plakat - Filmdagbok