Per qualche dollaro in più

I Per qualche dollaro in più, den andre filmen i Dollars-trilogien til Sergio Leone, dukkar Clint Eastwood opp igjen i tilsvarande person som han spela i Per un pugno di dollari. Som mannen utan namn og rask på avtrekkaren. Han og Lee Van Cleef jaktar kvar for seg på skurkar med skotpremie, men slår seg i lag når dei skal fange El Indio (Gian Maria Volonté) og banden hans på 14 personar.

Filmen er lenger enn sin forgjengar, og tar musikk og stemning eit hakk vidare. Historia er hakket meir kompleks. Det å ikkje kunne stole på folk spelar ei litt større rolle enn før. Samtidig krev målet til hovudpersonen om å fange El Indio meir planlegging, tid og kløkt enn det som skjedde i Per un pugno di dollari. El Indio er brutal, men også smart.

Men uansett så består filmen av ein god del tøff skyting. Overlegne pistolmenn, spennande duellar, reine massemord og så vidare. Og det er nettopp denne kombinasjonen av skyting og oppbygging med musikk, flotte miljø og raus bruk av tid i enkelte samanhengar som utgjer filmen.

Så opnar heller ikkje Clint Eastwoo eller Lee Van Cleef munnen unødvendig. Deira roller som sterke, tause menn gir filmen ein snev av mystikk. Dette kjem godt med i ei relativt rett fram handling om å fange ein gjeng med skurkar.

Per qualche dollaro in più 1965 plakat - Filmdagbok