Perfect Sense

I blant er eg så innstilt på kva ein film skal vere, at eg blir tatt på senga når filmen tar det lengre enn forventa. Sånn var Perfect Sense for meg. Det som eg trudde skulle bli eit romantisk drama enda opp med å bli ein nær apokalyptisk film.

Det handlar om ein epidemi som tar luktesansen til folk. Meir bør eg ikkje fortelja, for Perfect Sense er ein film som er fin å gå til utan å ha for mykje klart for seg. Det handlar også om ein mannleg kokk (Ewan McGregor) og ein kvinneleg forskar (Eva Green) som jobbar og bur nær kvarandre, og som møtes i samband med epidemien.

Dei to utviklar eit forhold som eg synst er sjeldan bra og intenst formidla. Musikk, ansiktuttrykk og nærbilde, dialog, omtrent alt sit som spikra i tillegg til kjemien mellom Ewan McGregor og Eva Green på skjermen. Parallelt med at filmen tar retninga han tar, som for meg var nytt og ulikt nok til at eg sat som spikra nesten heile filmen.

Eg kunne ha halde fram, men ettersom eg både vil styre unna handlingsreferat og eventuelle referansar som kan avsløre, så går eg rett til anbefalinga. Dersom du likar ein litt science fiction-aktig, romantisk, glad og dyster, apokalyptisk film. Utan å legge for stor vekk på apokalypsen.

Perfect Sense 2011 plakat - Filmdagbok