Pet Sematary (1989)

Film / 16. mars 2008
1/5

Ein gong som barn så eg deler av Pet Sematary i det filmen rulla over skjermen på TV 2 en sen fredagskveld. Til slutt måtte eg slå av filmen, fordi den var for skummel.

Med dette i minne tenkte eg nyleg at det var på tide å sjå filmen igjen. Ein bommert skulle det vise seg. For Pet Sematary har ikkje tålt min alder spesielt godt, og endte opp med å bli en av det verste Stephen King-filmatiseringane eg har sett.

Det handlar om en dyregravplass med spesielle eigenskapar. Dyrene som dør og blir gravlagt der, blir levande igjen. Men ikkje som sine gamle sjølv.

Dette er ei talentlaus gjennomføring av ein film, som aldri burde vore laga. Det er verken spenning eller ei interessant historie. Verkemidla er billege, og produksjonen verkar også avgrensa. Eg hakker nok ein del ekstra ned på denne på grunn av forventningane mine. Likevel slenger eg aldri rundt meg med den dårlegaste rangeringa utan at eg både synest ein film er dårleg laga og bidrar til en elendig oppleving.

Pet Sematary 1989 plakat - Filmdagbok

Regi

Mary Lambert

Manus

Stephen King

Skodespelarar

Dale Midkiff, Fred Gwynne, Denise Crosby, Brad Greenquist, Michael Lombard, Miko Hughes, Blaze Berdahl, Susan Blommaert, Mara Clark, Kavi Raz

Sjangrar

Fantasi, Grøssar

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Pet Sematary

Forfattar