Peter Pan

Film · 1953 · · 10. januar 2021
4/5

I likskap med Cinderella som er Disney sin versjon av Askepott, så er klassikaren Peter Pan frå 1953 ein film eg har hatt tilgode å sjå fram til byrjinga av 2021. I forkant av å sjå filmen hadde eg sett tre Peter Pan-filmar, inkludert oppfølgjaren Return to Never Land, men aldri dette som er Disneys utgongspunkt for seinare bruk av den grønkledde karakteren.

I Peter Pan blir tre London-baserte born med Peter Pan til drøymeland. Der jaktar ein pirat, kaptein Krok, på guten. Borna møter også indianarar, og har elles ei fantastisk eventyrleg stund i lag der. Dette er i korte trekk handlinga i filmen. Det eg ikkje klarar å fange skriftleg her er stemninga og den eventyrlege måten historia blir fortalt på. Her er nivået høgt på god forteljing, animasjon og detaljformidlinga i forteljinga. Det er ganske så godt utført og fantasifullt.

Eg har i grunn ikkje all verden å sei om denne filmen. Det var ein festleg film som eg sette stor pris på å sjå. Det var ingen overrasking undervegs, men sjølve formildinga som filmen var, var heilt ny for meg å sjå i heilskap. Utover dette vil eg berre anbefale filmane vidare.

IMDb-logo
Peter Pan 1953 plakat - Filmdagbok