Peter Rabbit

Film / 2018
3/5

Den britiske filmen Peter Rabbit er ein festleg familiefilm om snakkande kaniner og ein sint nabo. Det er ei historie som er filmatisert mange gonger før, men også mitt første møte med kanina Peter og familien hans.

Tilbake i tid såg eg ein kinotrailer for denne, med norske tale. Det gjorde ikkje eit godt inntrykk. Eg var litt skeptisk, men open for at filmen med engelsk tale kunne ha noko for seg. Og det stemte det. Stemmene har ikkje all verda å seie, men med tanke på at Peter Rabbit blandar animasjon med ekte bilder, så er det viktig for meg at dei menneskelege karakterane som eg kjenner til, ikkje er dubba til norsk.

Den raude tråden i filmen er ei konflikt mellom kaninene og ein nabo. Då den gamle naboen døyr, flyttar ein yngre mann inn. Han blir fort ein ivrig fiende av kaninene. Men på grunn av at dei begge har ein venn i ein tredje nabo, går kampen mellom dei føre seg i skjul.

Det er ein klassisk og humoristisk kamp mellom menneske og dyr. Mange dryge verkemiddel blir brukt i kampen, og det blir stygt. Kaninene er godt animert handarbeid, og ser både ekte og søte ut. Noko dei må viss me skal tru litt på denne fantasirike framstillinga.

Peter Rabbit 2018 plakat - Filmdagbok